5.4.07

PÅSKE

me er omtrent halvferdige med påskeveka, og så langt har det vore ein påske på det jamne. onkel A og tante B og han med E var innom nokre dagar. på vegen hit hadde dei kjøpt eit enormt påskeegg, og fylt det opp med all slags sjokolade, så mor mi og tante B hadde nokre drøymedagar. far min og onkel A tok i staden ein skitur, der dei åt store mengder kvikk-lunsj.

etter at onkel A og tante B og han med E reiste vidare, har ikkje far min og eg gjort noko anna enn å handla inn mat til dei neste dagane. det er vanskeleg for oss å koma oss ut, sidan veret er så stygt at me gjerne vil bruka bilen,men det går jo ikkje, sidan mor mi køyrer opp på sjukehuset ein gong i timen for å høyra om det er noko nytt med nummer to.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Korleis går det med nummer to? Har han grave seg ned i tide?

guffen sa...

eg har ikkje hatt så mykje kontakt med han.