22.4.07

SUGERØYR

mor mi har hatt nokre utkropne dagar etter at toen vart fødd, men er no omsider tilbake i toppform. i går var det heldigvis ho som hadde ansvar for handlinga igjen. det vert ofte litt andre bollar då, enn dei gongene det er far min som handlar. han kjøper meir seriøse varer, som brokkoli, knekkebrød og jordbærsyltety, medan mor mi kvar gong går inn i butikken for å kjøpa noko ho aldri har smakt før.

i går kom me over noko som alt har revolusjonert mjølkedrikkinga heime hjå oss. i staden for å blanda oboy i mjølka, og røra rundt til me vert utkøyrde i begge armane, kan me no bruka sippah-sugerøyr. desse er svenske, sjølvsagt, og har den føremona at smakstilsetjinga ligg i sugerøyret. du stikk berre sugerøyret ned i mjølka, sug inn, og vips - den smakfullaste mjølka du kan tenkja deg.

bakdelen med det lokale samvirkelaget er at dei berre har sjokolade og jordbær. sugerøyra finst òg med banansmak, men det må ein truleg til sverige for å kjøpa. ein kan sjølvsagt handla direkte frå produsenten - den nettsida inneheld òg mange onderbara dataspel.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg er litt spent på kor mange bibelord Sam kan om sugerøyr med jordbærsmak.

Anonym sa...

Er sjokolademjølk bra for hårveksten?

guffen sa...

"onkel K": dette er ikkje ei "kva seier besten"- melding.

Anonym sa...

Sørg ikkje, for dei som drikk honning skal døy, men drikk du mjølk, hugs oboy. (F2`s brev til Guffen 1:3)

Anonym sa...

Til "sam": Eg vil ikkje ha misbruk av namnet mitt, om det er aldri så mykje i hermeteikn!

Når det gjeld bruk av jordbærmjølk, eller for den del sjokolademjølk, gjeld det generelt at "den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd" (Hebr 5, 13)Difor vil eg kort og greitt seia: «ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? (kol 2, 21)

"Rør ikkje" gjeld sjølvsagt òg sugerør!