27.4.07

FEBER

denne veka har eg stort sett hatt feber. eg har ikkje ete mykje, og har heller ikkje drukke mykje. dei gongene eg har hatt lyst på mat eller drikke, har eg stort sett stappa noko i meg for å sjå kor lang tid det tek før det kjem susande oppatt. mjølkeprodukt med jordbær- eller sjokoladesmak kom relativt raskt i retur, men det aller beste kjøpte eg på apoteket: der har dei flytande pinex med jordbærsmak, som skal dempa feberen og eventuelle smerter som dukkar opp. eg styrta ein liten skvett, og det tok i underkant av tre sekund før den drikken kom opp att, saman med restane av litt sjokolademjølk og ein sjokoladebit eg tok medan far min kokte eit egg.

ei veke i feber førte forresten til at kroppsvekta mi vart redusert med ein stad mellom 30 og 35 prosent. far min har observert dette med stor interesse, og har gjort det han kan for å verta smitta. så langt har det stort sett vore bomturar.

av anna nytt kan det meldast at besten og besto var innom for å sjå korleis det stod til meg. etter at dei hadde sjekka det, las besto se og hør, medan besten fortalde frå årsmøtet i nordmøre mållag.

1 kommentar:

Frode sa...

Du er så sjølvsentrisk, Guffen. Du blir ein god spiss i ØrstaVolda sitt tredjedivisjonslag - Aasengutane United.

Men hald deg langt unna den slappe far din viss du skal gjera fotballkarriere. Stuttjukken kallar vi han her i Valdres.