14.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 2

(her kan du sjå kva dette handlar om)
Sundag 16. juli 1978. Lom-Melhus
Eg har ikkje sove godt. Eg vakna to gonger i natt. Eg gjekk inn til Torvald og besten som begge var vakne. Eg løyste ferdig kryssordet. Så kledde eg på meg, og Arnstein var på do og henta varmt vatn. Eg og Torvald spelte badminton, og sette ny ferierekord, 19. Etterpå åt vi. Så pakka vi inn i tilhengaren. Mor vaska golvet. Så køyrde vi. Nede i resepsjonen leverte me inn nøkkelen. Eg og Arnstein sat bak. Me byrja spela trafikkbingo. Arnstein og eg var på lag. Me vann, og Torvald kom på andre. Vidare resultatliste ukjent. Etter ei stund kom vi til Otta. Vi køyrde rett gjennom. Vi køyrde stundom inn til kanten for å sleppa bilar forbi. Då vi kom forbi Vågå, byrja eg og Arnstein å telja bilsortar. Eg bestemte meg for å gjera til ein bilsort fekk femti. Volvo vann, Ford kom på andre med 49, og Opel kom på tredje med 42. Det var rett før Dombås det spanande kapplaupet vart avslutta. Ei stund etter Dombås stogga vi og åt. Eg, Arnstein og Kristine tok nokre små joggeturar. Då vi hadde ete, køyrde vi vidare. Ei stund etter slapp vi forbi oss 14 bilar. Det byrja faktisk å snøa, og det la seg eit kvitt lag i vegkantane. Vi byrja å spela trafikkbingo, også denne gongen var Arnstein og eg på lag, men diverre fekk Torvald revansje. Men berre eit sekund etterpå fekk vi bingo. Då vi kom til Oppdal kjøpte far bensin og is. Asterixis - is med figurar frå Asterixhistoriane på pinnane. Det var Torvald, Arnstein, Kristine og eg som ville ha slik is. Kjartan ville ha gul saftis. Asterixfigurane var på Torvald sin: Trubadurix. Kristine sin: Asterix. Arnstein sin: Obelix. Min: Miraculix. Så køyrde vi frå Oppdal. Neste stopp: Melhus.

Då me kom til Kvål, ikkje meir enn eit lite stykkje til Melhus, måtte me stogga allikevel. Høgre dekket på tilhengaren punkterte, og far, Arnstein og eg gjekk bort til to bensinstasjonar. Den første var stengd, men den andre var open. Me reparerte hjulet sjølv, og så gjekk me tilbake til bilen for å setja det på. På tilbakevegen såg vi ein "tøffing" som kom ut frå den stengde bensinstasjonen. Han køyrde rett ut i vegen, slang og for rett ut i ein åker. Men heldigvis gjekk det bra. Etterpå reiste vi vidare. No er me øyeblikk framme. Då me kom fram, venta me litt før me fekk kjøtkaker. Nam-nam! Etterpå reiste Torstein, Torvald, Arnstein og eg opp på rommet til Halldis for å høyra plater. Me las i Asterix medan me høyrde på Thin Lizzy, Eagles og Kiss. Ei stund etter spela vi tennis mot ein vegg. Ballen for ofte over taket, og det vart mange springeturar på Arnstein og meg. Ein av dei to ballane vart vekke, men Eiliv sa at han kom nok til å finna han i morgon, når han jobba der. Så gjekk vi inn att for å spela kort. Vi spela gris og 62. Medan vi dreiv på å spela, kom vi på at Sportsrevyen byrja. Så vi skrudde på fjernsynet og såg Sportsrevyen. Tante Margit kom med saft, og onkel Olve med kake, og så åt vi litt, og så gjekk vi og la oss.
Neste dag - mandag 17. juli

Ingen kommentarer: