8.12.08

UTRENSKING

i slekta mi er det mange som sympatiserer med politikarar med sans for utrenskingar. eg har prøvd å ta omsyn til dette på guffebloggen, men så langt har eg berre greidd å reinska ut ein person.

i helga fekk eg assistanse frå uventa hald. trugne lesarar veit at besten og besto på nordmøre i desse dagar vert kasta ut av huset dei har budd i sidan besten var ein neve stor, og at dei må flytta inn i ei dokkestove onkel A og tante B har sett opp til dei. møblane i huset dei har budd i har grodd fast i golvet, slik at besten og besto må ut på den opne marknaden for å skaffa seg eigne møblar. besto er tapt bak ei vogn, men det er ikkje besten, så via finn.no kom dei over eit veleigna møblement, som stod til spott og spe i molde, og som berre kosta ein brøkdel av den opphavlege prisen.

på laurdag tok besten og besto turen til molde, og det viste seg at seljaren var sjølvaste åge hareide. besto skjønte fort at denne sjansen får ho ikkje igjen, og sa at "det er berre å trekkja seg frå den driten; det der er ikkje folk å menga seg med". og kva sa hareide i dag? han hadde tenkt seg om lenge, men i løpet av helga hadde han bestemt seg for å gå av. ein skal vera bra stram i pæra for å ikkje skjøna at besto må ta ansvar for dette, og at guffebloggen kan festa endå ein skalp i beltet.

for å seia det på fotballspråket: guffebloggen - alle andre bloggar 2-0.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Pål T. Jørgensen er framleis på skjermen.

Anonym sa...

Det er Hareide og.

Anonym sa...

Kvar blir det av finalerunden? Eventuelt runde 3?

Anonym sa...

Kva er dette? Her ballar det seg opp til finale og spenninga er å ta og føle på, men kva er takken?
Sjekk heller ut http://frodeogkukola.blogspot.com

Anonym sa...

Vel, det er jo alt for seint å skipa til hentesveisjol, for hjå dei fleste kandidatane er det vanlegvis lite å henta. Det tek tid å byggja opp nok hent.

Og hanekamjola hadde neppe kome til finala om ikkje eg hadde juksa og stemt i fleire ulike nettlesarar, så løpet er nok langt på veg køyrt.

Anonym sa...

Horst Tappert. Anne Cath Vestly. Kjartan Slettemark. Og ikkje eit ord i guffebloggen.

guffen sa...

nei, men eg reinskar berre ut der det trengst utreinsking. og ingen av dei tre trong hjelp - alle visste jo at horst'n og anka song på siste verset og vel så det. og kjARTan burde jo fått evig liv.