8.3.06

BOWLING

begge foreldra mine har eit sterkt konkurranseinstinkt. kvar dei har fått det frå, veit eg ikkje, men eg vonar det ikkje er morsmjølka, då det aukar sjansane for at eg kan gå rakrygga gjennom livet utan å vera sugen på å konkurrera i alt mogeleg.

før jol var dei kvar veke med på ein quiz, og denne våren er dei med i ein bowlingserie, saman med nokre kollegaer frå posten. annakvar veke dreg dei meg inn i bowlinglokalet, der det er litt i meste laget med lyd og ljos etter min smak. poenget med bowling er greitt - dei har stilt opp nokre kvitmåla pingvinar i eine enden av banen, og prøver å velta desse med ei stor kule. i utgangspunktet er jo dette interessant nok, men kva skjer etter at alle pingvinane er velta? kula kjem attende, pingvinane reiser seg att, slik at du er tilbake til utgangspunktet. jaja, tenkjer foreldra mine, då er det ikkje anna å gjera enn å kasta kulene i retning av pingvinane ein gong til. og ein gong til. og ein gong til. og ein gong til.

get a life.

Ingen kommentarer: