4.3.06

FRAMTIDA

mor mi har lært meg at det er viktig med langtidsplanar, og eg har difor tenkt litt på kva eg bør verta viss eg vert stor. eg trur eg vil passa godt som nerd.

det vert ikkje lett å verta kjend som nerd, og det vert heller ikkje lett å verta største nerden i slekta. far min, til dømes, er framleis relativt nerdete, sjølv om han var ivrigare i gamle dagar. han samla på plastposar, talde bilsortar på innhaldsrike ferieturar til finnmark, noterte flittig resultat og lagoppstillingar og målskårarar frå arsenal-kampar, og samlar til og med på uspretta prøvenummer av syn og segn (1894).

skulle eg verta større nerd enn han, har eg likevel ikkje nådd slektstoppen i nerding. den prisen går til onkel T, for innsatsen han la ned som flaskesamlar rundt 1980. då han og far min omsider fekk med seg at det låg store pengar i tomflasker, la dei ein imponerande innsats for dagen, og vart sjeldan sett utan ei eller fleire flasker i hendene. dei skjøna at skulle pengane brukast til nyttige innkjøp, måtte dei spara på flaskene til det vart mange nok av dei, slik at rommet til onkel T tidvis vart fullt av flasker.

det var her at nerde-talentet til onkel T verkeleg viste seg. flaskene vart nøye sortert etter brus-sortar, og han førte nøye statistikk over kva smakar som var mest populære. dette vart ført inn i ei bok der han til og med limte inn dei ulike brusetikettane. og ikkje nok med det - det var viktig for han å ha samla inn alle sortane som fanst i butikken, så dei sortane han ikkje fann langs vegen eller i boskorger, kjøpte han sjølv, drakk, og limte etiketten inn i boka. eg reknar med at ekspeditørane på finne handel var litt overraska den dagen han kom for å kjøpa ei flaske selters, ei flaske club soda, og ei flaske bitter lemon.

Ingen kommentarer: