16.3.06

EKSIL

no er det nok. me har rett nok snakka om ein utanlandstur lenge, men akkurat no er det så mykje mediamas om ingenting at me knapt kan venta med å reisa. far min, den skøyaren, har lenge prøvd å skapa inntrykk av at me skal til barcelona, og resultata let ikkje venta på seg: omtrent alle me kjenner på sunnmøre har sendt reisetips, eller kome innom med reisebøker og kart og liknande. sanninga er at me skal til dubrovnik, der me har leigd eit lite husvere i nokre veker. me flyg tidleg måndag, og det kan henda det vert vanskeleg med oppdateringar dei neste vekene.

det me gler oss mest til i dubrovnik er altså å vera fri for media, og då spesielt desse sakene:

fugleinfluensa. me er alle glade i fuglar (bortsett frå mor mi, men det er visst ein genfeil i heile slekta). likevel greier me ikkje heilt å visa den store interessa for at tre-fire fuglar på ei øy i tyskland er sjuke.

nokas-saka. nokre bandittar stal nokre pengar i stavanger. big deal.

e.coli. for tre veker sidan melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg. for to veker sidan melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg. for ei veke sidan melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg. i dag melde media at kjøtdeigen til gilde var dårleg.

marit bjørgen. ho praplar og praplar om at ho må skjermast frå media, og at ho treng ein medierådgjevar. sanninga er vel heller at ho treng ein rådgjevar som kan fortelja ho kor mislukka ringen i augnebrynet hennar ser ut.

renta. tre gonger i veka trillar sentralbanken ut han luringen som liknar på ein stuttvaksen bilmekanikar, og han rapporterer at renta skal opp eller ned med nokre desimalar. einaste grunnen til dette er truleg at olav gran-olsson skal ha noko å snakka om.

siv jensen. viss du tek siv jensen frå ein gjennomsnittsnordmann, får han truleg livsgleda attende.

Ingen kommentarer: