4.3.06

JON

dei fyrste historiene frå fødslane på austlandet tek til å siva ut. som vanleg med slike historier må ein luka ut litt og leggja til litt før ein finn sanninga, og etter denne rekninga ser biletet slik ut:

jon vart fødd 1. mars kvart over eitt. fødselen var eit mareritt utan like, der både far og mor måtte stappa i seg enorme mengder epidural, og dei måtte òg skifta jordmor eit par gonger under fødselen. dei vitale måla var 48 cm og 4200 gram.

jon vart fødd 1. mars litt før klokka fire. denne fødselen var litt annleis. mora fekk pris for å vera den fyrste i år som hadde fått til ein champagnekork-lyd under fødselen. kroppsforma til jon la litt opp til dette - han var 56 cm og 3100 gram.

sidan me bur i eit land der det er ein god marknad for filmar med juniorvariantar av komikarar, er det truleg lurt av dei nysteikte foreldra å spela inn ein stumfilm med dei to, presentera han som helan og halvan junior, og dermed gå i litt overskot på det som vanlegvis er eit tapsprosjekt.

1 kommentar:

Anonym sa...

Gratulerer med nye nevøar - og på same dag! Ikkje verst! Spørsmålet mitt er: må alle gutar i slekta dykkar heite Jon? Kvifor heiter då Guffen Aslak og ikkje Jon?