24.3.06

VALENCIA

hola. heilt sidan far min höyrde den knakande gode vitsen om dei to tomatene, har han hatt lyst til aa vitja tomatfestivalen i valencia. du har sikkert sett det paa fjernsyn - store mengder ravande galne folk hoppar opp og ned i nokre tankar med tomater, medan dei kastar tomater paa alle som ser ut som om dei har nyvaska klede.

mor mi ville ikkje vera med, og kjöpte seg i staden ein dobbel macchiato to go, men far min og eg kjöpte nokre kilo tomater, og drog i gang nokre ekstreme dansesteg, samstundes om me kasta tomater i aust og vest. ikkje lenge etter kom la guardia civil og forklarte at slik oppförsel berre var vanleg under festivalen, som er i juli.

deretter reiste me opp paa hotellrommet for aa sjaa debattprogram paa spansk fjernsyn. mor mi la seg i badekaret, der ho nippa vin og aat pottittgull. me kan ferie.

2 kommentarer:

Anonym sa...

- Ellers kan du helse mora di og sei at ho kan ta seg ein macchiato for meg også. Multo bene (kan ikkje spansk)!!!

Honni

Ragnhild Bjorge sa...

Korleis vil de rangera pottitgullet i Spania? Er det betre eller dårlegare enn norsk og kva pottitgull smakar best saman med kva vin? Eg reknar med at mor og Guffen har laga ei rangering her.
Forresten: Kva diskuterer dei på debattprogramma i syden for tida? Vil dei kasta ut alle desse feite nordmennene som lagar gettoar på Solkysten, eller er det keisame ting som fugleinfluensa=