31.10.06

FLYTTEMELDING

den alltid pålitelege avisa sunnmørsposten la i dag fram resultata av ei partipolitisk rundspørjing. den viste at omtrent ein av tre i fylket ville ha røysta framstegspartiet dersom det var val i dag, og dersom valet vart gjort per telefon. det vil altså seia at der tre vaksne er samla, røystar ein av dei framstegspartiet.

for foreldra mine er dette dårleg nytt. begge to røystar på andre parti (far min røystar demokratane; mor mi røystar på postkasser), slik at kvar gong dei får folk på vitjing, eller kvar dei begge er til stades når dei møter folk heime eller ute, er det ein framstegspartiveljar til stades. slik går det jo ikkje an å leva, så no har dei funne ut at dei skal flytta snarast råd. bakdelen er at dei ikkje veit kvar dei skal flytta, men det er fare for at dei pakkar sekken og dreg til den fyrste staden dei kjem på. slik sett er det jo glimrande at mor mi er i vik i sogn denne veka.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det vil vel seia at der tre vaksne er samla som alle har for vane å svara på telefonen, er ein av dei framstegspartiveljar.

Om begge foreldra dine sluttar å ta telefonen, vil dei altså kunna møta inntil to telefonsvarande personar frå Møre og Romsdal utan å råka framstegspartiveljarar. Dei kan omgåast så mange fylkesfrendar som ikkje tek telefonen som dei lystar.

Anonym sa...

det er iallefall ikkje logisk sans Helleveane manglar.

guffen sa...

det er uansett ingen som ringjer til foreldra mine, slik at det ikkje let seg gjera for dei å slutta å ta telefonen.