2.10.06

KØBENHAVN

no reiser eg og mor mi og far min på haustferie til københavn. for at eg skal vera budd på kva som møter meg der, har far min dei siste dagane lese diktet om gåsa og katten og hanen opptil fleire gonger kvar dag. diktet grip meg ikkje noko særleg, så for å ha noko å gjera medan far min etter beste evne dramatiserer hendingane i diktet, moroar eg med å stabla hovudpersonane i diktet oppå kvarandre.

tante I vert med på turen, slik at me reknar med at det vert nippa endå meir vin enn vanleg. i tillegg er ho like glad som mor mi i å gå og gå i butikkar utan å kjøpa noko, så det er fare for at far min og eg, som begge er så til dei grader kulturinteresserte, har valet mellom å gå på glyptoteket åleine eller å sitja i husveret og sjå fjernsynsprogram om pølser i svøb.

viss nokon vil ha noko i taxen, kan dei berre melda frå.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det var ein god attest. Eg hadde trudd denne sida var meir for spesielt interesserte. Veldig spesielt interesserte.

Eg vil forresten ha ei flaske sprit med frå Købehavn. Gjerne det billegaste.