13.4.07

HEIM

i ettermiddag var det slutt på husfreden. i nokre dagar har eg og far min hatt det som salt i grauten, med mykje god mat, og fritt fram for å rapa etter maten. men for nokre timar sidan kom mor mi og toen heim, og då var det andre bollar. mor mi kommanderte far min i alle retningar, kalla han ein tufs og ei hushjelp, og stemninga var generelt dårleg. eg trur litt av grunnen til det dårlege humøret var at ho også denne gongen gløymde å tøya ut etter at fødselen var over. toen grein både to og tre skvettar, og det vart ikkje betre då far min fann fram påskepyjamasane.

det seier seg sjølv at frå no av får toen greia seg sjølv. dei som meiner at han har interesse, kan følgja med på heimesida hans. på guffebloggen er me meir opptekne av kva besten seier.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Du liknar på onkel k

Anonym sa...

Du liknar på onkel k

Anonym sa...

snakkar du til meg eller han?

Anonym sa...

snakkar du til meg eller han?

Anonym sa...

Orsak. Til han fremst. Han andre ser eg ikkje hovudet på.