10.4.07

TOEN

i dag var eg med mor mi og far min på fødeavdelinga. inne på sjølve fødestova var det visst duka for ein del sterke scenar, så der fekk ikkje eg lov til å vera med. merkeleg nok fekk far min, som er ei relativt sart sjel, lov til å vera med. kjeldene mine seier at han ikkje takla det spesielt bra.

etter ein del om og men plumpa toen ut. sjølv meiner eg at han står framfor ei vanskeleg oppgåve - å vera veslebror min er omtrent som å hoppa etter wirkola. mor mi har ei litt anna oppfatning, og meiner at å vera veslebror min er omtrent som å hoppa etter fidjestøl.

sidan eg ikkje fekk vera med inn på fødestova, kan eg ikkje visa fram bilete av toen. derimot kan eg by på eit bilete som viser restane av den velsmakande lunsjen mor mi og far min fekk servert i ein liten pause:

21 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer Guffen!
Eg reknar med at du fekk høve til å ete opp restane av den velsmakande lunsjen, sidan mor di og far din ikkje hadde vet til å ete opp maten dei fekk.

Anonym sa...

Gratulerer, har toen fenge sin eigen blogg enno?

Anonym sa...

Gratulerer storebror. Du må hilse til mammaen og pappaen din når de kommer seg etter strabasene. Hilsen Marit i Moss

Anonym sa...

Kva er det, "frode"? Har du sovna?

Anonym sa...

Eg er så rask at eg gratulerte etter medlinga "Besten 4".

Anonym sa...

Kor er sjampanjen for å feire at du har fått ein bror du kan herse med? Dette er jo verkeleg noko å juble for!

helsing ein som berre har systre.

Ragnhild Bjorge sa...

Til lukke med broren!
Eg ventar spent på bilete, blogg og namn. Eller heiter han òg Jon?
Helsa gamlingane dine!

Anders sa...

Gratulerer med Toen, Guffen. Du får helse foreldra dine, dei er vel heilt utslitne når dei ikkje orkar å ete ein gong.

Eg må åtvare deg. Du anar ikkje kva du går til, det er hardt å vere storebror. Treng du eit overlevingskurs, får du seie frå. Eg har fire yngre søsken, og dei er ganske veloppdragne. Men det har teke si tid.

Anonym sa...

Hei toen. Har du også ein onkel "k"

Anonym sa...

Nei, han er berre ein fantasi som far min har funne på for å ha ein veslebror å hakke på.

Anonym sa...

Heihei.. Gratuler så mykje med vetle broren..

Anonym sa...

Til lukke med ein bror! Kjekt å ha noko å dragast med. Oppsedartips: Mild, men bestemt! Det funkar alltdrid.

Anonym sa...

Kvifor er det berre familien said som svarar her?

Anonym sa...

Kjære guffen Kva tykkjer du er det beste som har hendt idag? Ny bror eller Brann-seier?

Anonym sa...

Hei! Gratulerer med lillebroren din!Hils mamma og pappa!

Anonym sa...

Hei Guffen, gratulerer med bror. Du får helse mor di og seie godt jobba. Sidan ho såg litt slakjen ut på biletet, er det best du ber far din stella fint med ho.

Anonym sa...

Gratulerer med lillebroren, Guffen!!

Hils mamma og gi henne en gratulasjonsklem fra meg - Kristin i Oslo

PS! Heia Brann :-))

Anonym sa...

Og du Guff - du må selvsagt hilse pappa også og gratulere!

Anonym sa...

Gratulerer med storbror, toen.

Anonym sa...

Namneforslag:
Etter som eg har skjønt trenden på vestlandet er det om å gjere å henge seg på artig-skriving av namn (jfr Fjord1). Har du vurdert å gå over til Guff1? Da blir det evt lett vidare å gje namn til brørne etter som dei strøymer på; Guff2, Guff3...
Helsing han med E

Anonym sa...

gratulere såååå masse med lillebror !!!! hils til mamma og pappa så mye også!

grattis-med-toen-klem
fra Lill på 4 øyer i havet ;-)