28.6.07

SUPPE

far min er travelt oppteken med ein eller annan nynorskfestival, der det er vanleg praksis at festspeldiktaren stiller med fiskesuppe. tilfellet ville at far min i går kveld vart sitjande på nabobordet til festspeldiktaren, og ho vart ikkje lite opprørt då ho såg at far min ignorerte fiskesuppa, og i staden pirka i ein enkel salat.
festspeldiktaren: hæ? et du ikkje suppa mi?
far min: nei, eg er vegetarianar.
festspeldiktaren: hæ? korleis vert du mett då?
far min: nei, det går no på eit vis.
(pause)
festspeldiktaren: jaja, du ser no ikkje vidare tynn ut.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Kva slag diktning er det står for? Kokebøker?

Anonym sa...

Den førre meldinga mangla eitt "ho".

guffen sa...

ho er vel best kjend for ei bok om fiskeoppdrett.

guffen sa...

i den førre meldinga mangla det ikkje nokon ord.

Anonym sa...

Men kva trur du er grunnen til at både onkelk og far fin har greidd å spele seg inn på bollelaget? Og forresten: blir det Kim Kenneth likevel?