6.2.06

DRØYMEFERIEN, DAG 21

(trevor brooking, billy bonds, harry redknapp)
Fredag 4. august 1978. Ås
Det kunne like godt stått Oslo der det står Ås, for vi var i Oslo heile dagen. Men det var på Ås vi låg, så difor står det Ås der. Då eg vakna, såg eg Torvald og Arnstein sat og las. Eg kledde på meg og sette meg bort der eg også. Alle vakna etter ei stund, og vi åt. Då vi hadde ete, lot me maten få leggja seg til rette i magen før vi drog til Oslo. Der skulle vi først ut på Bygdøy. Vi parkerte bilen, og drog bort til huset der Kon-Tiki og Rå låg. Der løyste vi billett. Det var interessant å sjå dei to båtane. Under Kon-Tiki var det laga til slik at det såg ut som fiskar som symde rundt omkring. Det var også ei hole der det sat ein mann og såg på krukker. I bakgrunnen låg det ei sjelett. Etterpå såg vi på Fram. Der gjekk det an å gå ombord. Det gjekk også an å gå lenger nedover i skuta. Vi gjekk bort til vikingskipa. Mens vi var der, byrja det å regna. Lynte gjorde det også. Vi vart ståande der inne lenge. Men det berre heldt fram med å regna, så vi bestemte oss for å gå tilbake til husa der Ra, Kon-Tiki og Fram var. Derifrå gjekk det båt til rådhuset. Men då vi var komne eit stykke, såg vi at det stod ein buss ved ein busstopp. Der gjekk vi på, og køyrde til Oslo. Der hoppa vi innunder nokre små kuppelar som stod inntil veggen. Det var fordi det regna så fælt. Etter ei stund gjekk vi bortover gata. Vi såg etter Steen og Strøm. Gate opp og gate ned gjekk vi. Etter ei stund fann vi det. Der myldra det av folk. Først tok vi rulletrappa opp i tredje etasje. Der fekk vi vekeløna. Torvald og eg tok rulletrappa ned i fyrste etasje. Der var det platene var. Me lurte på kva plate me skulle kjøpa. Det vart til at me ikkje kjøpte noko plate i det heile tatt. I staden kjøpte vi kvar sitt blad. Eg kjøpte Fantomet, og Torvald kjøpte Agent X9. Etterpå tok vi rulletrappa opp i tredje etasje igjen. Der fann vi dei andre, som visst hadde problem med å bestemma seg. Men etterkvart hadde visst alle fått det dei ville ha, og vi reiste ned i fyrste etasje igjen. Vi grunda på kva vi skulle gjere, enten om far skulle ta båten opp til Bygdøy, eller om alle skulle gjere det. Det vart til at alle gjorde det. Vi kom oss bort til rådhuset og ned til båten. Det var berre til å gå rett ombord. Det var ein fin båttur, berre synd at det var stygt ver. Torvald og eg las blada vi hadde kjøpt. Då vi gjekk i land att på Bygdøy skunda vi oss opp til bilen. Alle kom seg inn, og så køyrde vi mot Ås. Vi kom då fram etter ei stund, og der stod middagen og venta på oss. Steik. Namnam. Då vi hadde ete, vart det prating om turen vi hadde hatt til Oslo. Klokka var mykje, og snart la vi oss.
[Eg minner om at besten stiller til nettmøte når refereringa er over. Du kan senda inn spørsmål alt no.]
Neste dag - laurdag 5. august 1978

Ingen kommentarer: