9.2.06

NEDTURAR

to nedturar å melda om i dag: nettmøtet med besten må utsetjast til neste veke. eg må nett ein liten tur til london for å sjå west ham, og det let seg dårleg kombinera med nettmøte, som vert tysdag eller onsdag.

den andre nedturen kom i fjell og vidde, medlemsbladet i ein organisasjon far min er med i. på framsida reklamerte dei med stor test av termosar, men eg vart rimeleg skuffa då eg bladde opp og såg at termosane vart vurderte etter kor lenge dei kunne halda varm drikke varm. kor tid vart det viktig for termosar?

6 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Eg forstår godt eg fotball må koma før nettmøte, men eg er litt usikker på om eg forstår dette med West ham. Ja, ja.
Er besten klar til nettmøte? Eg ser på "Spør Aslak" vert svaret stort sett Volvo same kva ein spør om. Vert det slik no òg?

Anonym sa...

Kvifor står det biletredaksjon:: Ottar Grepstad og Eirik Helleve, i boka "Viljen til språk?". Skal det vera to kolon når det er to personar?

Anonym sa...

Til besten:
Kvifor vart du konstituert som målungdomsleiar i 1969? Ville dei ikkje velje deg på den vanlege måten?

Anonym sa...

Til besten:
Kvifor vart du konstituert som målungdomsleiar i 1969? Ville dei ikkje velje deg på den vanlege måten?

guffen sa...

var dei to kolona den einaste feilen du fann? imponerande.

Anonym sa...

Å, var det feil? Så det har ikkje noko å gjera med at det er to personar?