25.2.06

VINTERFERIE

far min slo på stortromma dette året, og inviterte resten av hushaldet med på ein 48-timars vinterferie. fyrste kvelden vart eg kasta av hjå besten og besto, før foreldra mine køyrde vidare til kristiansund, der dei var på konsert med ein lovande pianist frå haugesund. på heimvegen stappa mor mi i seg delar av ein familiepakning med bridge-blanding - ho la sjølvsagt vekk alle dei bitane ho ikkje likte, slik at far min kunne storkosa seg med dei dagen etter. det må ha vore omtrent då ho fekk ein forretningsidé som var nokolunde god (til ho å vera). ho kjøper inn eit par hundre posar bridge-blanding, tømmer alt i eit stort mjølkespann, og sorterer deretter blandinga slik at alle sortar ligg for seg. deretter lagar ho ei nettside der folk kan komponera si eiga bridge-blanding. dei merkar av dei bitane dei vil ha, sender denne tinginga til ho, som deretter sender ut blandingane. for meg luktar dette som ein temmeleg solid tap/tap-situasjon.

resten av ferien var me hjå besten og besto. det mest minneverdige som hende der var at far min kondemnerte den nye traktoren til besten, og at besto inviterte på fastelavensbollar to dagar før fastelaven. trugne lesarar vil hugsa at besto også ved tidlegare høve har feira viktige merkedagar lenge før resten av verda. hovudargumentet er at gjestane er innom nokre dagar før sjølve merkedagen, og at dei vanlegvis er over alle haugar når merkedagen dukkar opp. mor mi fortel at det også er slik før jol. dersom syskena til mor mi skal feira jol andre stader enn heime lagar besto gjerne jolemiddag både tre og fire sundagar i desember, for å vera sikker på at alle ungane får jolemat det året. på veg heim etter denne storhendinga, med store mengder fastelavenskokos i magen, slo det meg at sidan det likevel ikkje er viktig kva dag desse merkedagane vert høgtida på, måtte det enklaste vera å samla alle besto kjenner ei helg. denne helga kunne ein feira både fastelaven, farsdag, jol, gebursdagar, bryllaup, dåp, fødslar, påske, pinse og alt det andre på ein gong, og la det gjelda for dei komande femti åra, slik at ein var ferdig med det.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det er visst nokon som vil ha slutt på at eldre bilførarar skal få bulke bilane våre så lenge dei vil her i landet. Burde dette også gjelde traktorkøyring for dei over 40 år?