27.2.06

OL

eg har ikkje sett absolutt alle ol-sendingane, men den einaste grunnen til det er at besten og besto bur så langt ute på landet at dei ikkje får inn nrk2. eg har sett meir enn nok til at me trygt kan slå fast at det slettes ikkje var nokon fiasko - noreg sette til dømes ny personleg rekord i bronsemedaljer. men dersom noreg skal få fleire ol-triumfatorar i framtida, er det nok av ting som kan endrast. eg har ikkje plass til å nemna alle desse, men her er nokre løysingar som nærmast kan garantera gull.

skjer ned talet på greiner det vert konkurrert i. så lenge noreg ikkje stiller med utøvarar i obskure øvingar som bobb, aking, kunstlaup, skeleton, seier det seg sjølv at det er vanskeleg for noreg å toppa medaljestatistikken.

kutt ut alle øvingar der noreg ikkje stiller. dersom nokre norske utøvarar vert sjuke under ol, må arrangørane avlysa alle konkurransar desse utøvarane skulle vore med i.

mindre strenge reglar. det viktige er vel at skiskytarane råkar blinkane dei siktar på, ikkje at dei råkar sine eigne blinkar. i 2006 skulle det vera unødvendig med reglar som er så firkanta at treff på andre sine blinkar vert rekna som bom. så strenge reglar gjer ol til ei mykje større psykisk påkjenning for dei norske utøvarane enn for alle utlendingane.

annan tidtaking på femmila. eg vil helst ikkje attende til den gode, gamle femmila, der utøvarane av ein eller annan merkeleg grunn starta ein og ein, og berre kom ut frå skogen kvar gong det var på tide med ei mellomtid eller ei halv banan. den nye løysinga med fellesstart er sjølvsagt mykje betre, men har den ulempa at den beste spurtaren paradoksalt nok vinn den lengste øvinga. då må det vera betre at dei går på idealtid.

gjer idioti til ol-grein. veldig få idrettsutøvarar fann opp krutet, så denne øvinga er slettes ikkje ei sikker gullmedalje for noreg. likevel kjenner me oss rimeleg trygge på at mange ville hevda seg bra.

økonomi. mange aviser fokuserer i meste laget på kor mykje pengar utøvarane kan tena på å gjera det bra i ol. då er det nærliggjande at dei utøvarane som har mest kontantar i ulåste koffertar på hotellrommet får medaljer.

lytt meir til førehandstipsa. før ol meinte både norske og amerikanske aviser at det kom til å verta eit godt ol for dei norske utøvarane. mykje tid og krefter kunne vore sparte dersom ein berre gav medaljene til den utøvaren flest norske aviser trudde kom til å gjera det bra.

nye utøvarar. mange av utøvarane frå torino-ol er anten for gamle, for dårlege eller for sjarmlause. det må difor nye fjes inn i mange sentrale roller. sjølv har eg tru på at frode rolandsgard ville hevda seg bra i isdans.

flytt ol til hemmeleg tid og stad. den noverande ordninga, der det vert gjort kjent mange år i førevegen kvar ol skal vera, favoriserer utlendingane. dei kan reisa på høgdetrening dersom ol skal vera høgt oppe, eller til og med vera så utkropne at dei legg inn formtoppar under ol. dersom nordmennene er dei einaste som lang tid i førevegen får vita stad og tidspunkt for ol, aukar sjansen for at dei kan gå heilt til topps.

noreg. la utøvarane frå voss (og andre som vil) gå med noreg på ryggen, i staden for denne hersens sidemålsforma. det ville ikkje gje fleire gullmedaljer, men ville vera bra likevel.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kvifor ikkje gje dei andre deltakarane Gilde-kjøt frå Valdres?

guffen sa...

god idé, men det vil føra til mykje forureining. det er meir miljøvenleg å gje gilde-kjøtet direkte til valdrisar.