22.2.06

FIASKO

i aktualitetsprogrammet tabloid på tv2 i kveld tek dei i dag fylgjande spørsmål opp til drøfting: kvifor er den norske ol-deltakinga ein total fiasko? kven programleiar pål t. jørgensen har invitert til å snakka om dette orkar eg ikkje eingong tenkja på, men eg reknar med at både siv jensen og carl i. hagen får plass i panelet. (jørgensen har forresten krabba heilt opp på tredjeplass på lista over fjernsynsfolk som bør finna seg ein annan jobb. [det er vel unødvendig å nemna at dei to som toppar lista er toppen bech og dorthe skappel.])

kvar går grensa for ein fiasko i tv2? dei norske atletane har slite med sjukdom, formsvikt, skismurning, sabotasje av gevær (frode andresen), tjuveri (alle bortsett frå frode andresen), dårleg ver og kjell kristian rike, og på toppen av alt prøver konkurrentane å slå dei. likevel er noreg landet med flest sylv (delt med tyskland) og flest bronse. tre land har rett nok fleire medaljer totalt, men så lenge dei tre landa er tyskland, austerrike og usa er ikkje det noko å skamma seg over.

besten er forresten kjempenøgd med ol. voss sende tre deltakarar til ol, og så langt har dei skrapa saman fire medaljer.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Kvifor kan du ikkje avsjå nokre kroner til Mållaget du og? Skal du liksom bli ein slik spesiell Aslak Helleve? Gjer som Reidar Nesheim, og spytt i ti kroner. Det vil syne dei.

guffen sa...

mållaget er ein gjeng med humlepungar.

Anonym sa...

Og det seier du no! Kva med slipset då?

guffen sa...

slipset? eg har aldri gått med slips, og kjem aldri til å gjera det.

Anonym sa...

Gratulerer, Guffen!
Ønsket ditt er oppfylt. Pål T. skal slutte. I alle fall i "Tabloid" (http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=182345)