17.7.06

BATNFJORDEN

ferien er i gang. som oppvarming tok me nokre dagar hjå besten og besto på nordmøre, og det var som vanleg innhaldsrike dagar. me tok ein liten spaserur oppover bakkane, me åt ein del kake, og me sov ikkje så reint lite.

laurdag var far min og onkel J travelt opptekne med å kappa og kløyva ved. det kom ein liten hoggorm tassande, og onkel J fotograferte litt før han fortalde besten kva som var i ferd med å skje. besten høyrde ordet hoggorm, og var ikkje sein med å hogga hovudet av han. eg er lite van med ormar, men visste ikkje at det var samanheng mellom ormenamn og aktivitet. dersom besten ser ein brilleslange, tek han på seg briller?

siste dagen slo det meg forresten at å reisa frå besten og besto er omtrent som å fly frå gardermoen i dårleg ver. alt er pakka inn i bilen, avreisetidspunktet er klart, alle passasjerane er klare, sjåføren har bil-lyklane i handa, men ein må nett venta på klarsignal før ein kan ta ut. me kan ferie.

Ingen kommentarer: