29.7.06

TOVDALEN

via ukjende og uventa vegar la me inn ei overnatting på ein storgard i tovdalen. vertskapet var bortreist. me kunne difor gjera nett som me ville, men det gjorde me ikkje. i staden gjekk me rundt og såg på dei mange kjøkkena, den store samlinga med noregsglas i kjellaren, dei mange bøkene, utsikta over vatnet, alle møblane, dei mange gardinene, og veggmåleria av to litterære nissar pluss dei tre heltane vinje, aasen og garborg.

til frukost dagen etter åt me litt pottittgull og drakk noko gamal vin me fann inst i eit skåp, før me reiste vidare. me kan ferie.

3 kommentarer:

Anonym sa...

På biletet ser ein ei hustype som vart veldig vanleg på 1920-talet, finansiert av Den norske stats Småbruk- og Boligbank. Desse husa finn ein mange av over heile landet. Både i Tuvdalen i Telemark og i Aurdal i Valdres. Helsing cand mag.

guffen sa...

takk for informasjonen, som kan koma godt med neste gong eg er i tovdalen. har du forresten prøvd å skriva på datamaskin utan å bruka ordet valdres?

Anonym sa...

Nei, det er ei form for helsing, slik som voss eller ørsta