1.7.06

JOTUNHEIMEN

far min har som vanleg tenkt seg til fjells til sommaren. i år ser det ut for at fjelldagane vert fyrste veka i august. kor mange dagar det er snakk om kjem litt an på ver og vermeldingar. planane er like lause som vanleg, men han har i alle fall tenkt seg på heillstugutindane, han har lurt litt på nokre dagar i trollsteinkvolven, han funderer som vanleg på nautgardstindryggen, men det kjem ikkje som noko bombe om det vert noko heilt anna.

akkurat den veka er eg heilt nøydd til å vera med mor på ein del kaffibarar i oslo, slik at det er fare for at far min må gå åleine. dersom nokon vil slå fylgje med han, er det berre å melda seg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ikkje mange som melder seg her, gitt. Kanskje far din må legge til seg eit kulturell ferniss over all fotballgjørma?