3.7.06

LANDSKAPPLEIKRESULTAT

parallelt med den lite populære vm-tippinga har me hatt gåande ei ekstremt populær landskappleiktipping. landskappleiken er no over, og resultata er klare.

frode var einaste deltakaren i tippinga, og slik var tipsa hans:
* lausdans: hallgrim hansegård. hansegård vart nummer fire, langt bak vinnaren sigbjørn rua. (her må det òg nemnast at storfavoritten, tom løvli, var uheldig då han sette foten fast i scenegolvet og måtte bryta). 0 poeng
* durspel: ulf arne johannesen. johannesen vart klart slegen av håavrd ims. 0 poeng.
* strykelyre: "nei, nei. denne klassa finst ikkje"; og beinfløyte: "heller ikkje ei eiga klasse, men ok, kan kanskje gå inn under andre eldreinstrument. men ingen spelar beinfløyte der i år." i klassen for eldre folkemusikkinstrument var der deltakarar både i strykelyre og beinfløyte, men ingen kunne måla seg med jørn simenstad på bukkehorn. 0 poeng.
* langeleik (samspel): brøtagutadn. her hadde me lagt inn ein liten luring. frode tippa vinnar i seniorklassen, og det gjorde han godt, men me var sjølvsagt ute etter vinnaren i juniorklassen, som var magnhild karsrud/lisa tunås bratteng. 0 poeng.

med 0 poeng til den einaste deltakaren kan me sjølvsagt ikkje kåra nokon vinnar. og så lenge tevlinga ikkje har nokon vinnar, er vel einaste konklusjonen at dette var ei tevling om, for og med taparar.

2 kommentarer:

Frode sa...

Kva med å gjera regelendringar, også her?

Frode sa...

Men takk for at du tek den nasjonale folkemusikktonearven vår på alvor, Guffen.