21.7.06

GOL

på gol tok me som vanleg inn på den største campingplassen i hallingdal. han har eit fascinerande klientell som stort sett held til i fastspikra campingvogner.

desse campingvognturistane er eit eige folkeslag. dei finn ein campingplass der dei spikrar campingvognene fast rundt fem meter frå nabocampingvogna, og har mellom anna desse kjenneteikna:
* dei markerer gevir ved å setja opp hagegjerde rundt vogna.
* kvar kveld arrangerer dei diktkveldar der dei les dikt av edith södergren, walt whitman og alma haug.
* kvar fredag syner amatørskodespelargruppa deira skodespel av framståande italienske dramatikarar.
* dei ivrigaste campingvognturistane er med i frimurarcampingvognturistlosjen, eit hemmeleg brorskap som arbeider for høgare bompengeavgift for campingvogner. (trass namnelikskapen har det ingenting med frimurarlosjen å gjera.)
* dei er ei ivrig pressgruppe, som mellom anna har arbeidd for større utval i vegetar-rettar på esso-stasjonar langs e6.
* dei gjev ein god ein i fotball, og bruker i staden mykje tid på å drøfta kvifor israel bør ta til vitet.
* dei opnar dagen med ein kort og hektisk joggetur i sekstida.
* resten av dagen går dei i sandalar, og spelar ein del badminton.

alt dette og meir til fekk mor mi vita då ho vart med på eit møte i dobbel macchiato to go-klubben på campingplassen. dei serverte òg litt pottittgull.

far min og eg nyttar i staden tida til å lesa lokalavisa, som på framsida kan melda "plantar forhatt vier ved hytter". me kan ferie.

Ingen kommentarer: