19.7.06

RUNDE

ferien held fram. me hadde eit samrådingsmøte i går, der me vart samde om dei viktigaste måla for ferien. det er ikkje noko bombe at det viktigaste målet vart å friska opp den gode samtalen. i heile ferien kjem me til å handla etter mottoet "dette har me gjort før". mottoa frå i fjor, "ikkje ta ansvar", "ikkje spel på lag" og "tol endå mindre enn vanleg" vart forkasta, etter kraftige ordskifte.

me prøvde ut måla og mottoa på ein tur til runde i dag. sidan me alle har mange års røynsle med å spasera opp på rundebranden, valde me denne gongen å ta ein båttur rundt runde. som vanleg vart me rundlurte av annonseringa - det var slett ikkje snakk om nokon båttur rundt runde, det var i staden ein liten tur ut til fyret, med retur same veg. av og til flaug det ein fugl eller to forbi. dette var av stor interesse for dei andre på båten, som ropte ut det eine obskure fuglenamnet etter det andre, medan foreldra mine ikkje visste anna råd enn å ropa "fugl! fugl!". eg kunne sjølvsagt assistert dei, men for det fyrste sov eg det meste av turen, og for det andre var redningsvesten min såpass stor at eg ikkje såg stort.

me betalte altså i dyre dommar for å ta ein båttur langs runde for å sjå på nokre fuglar me ikkje veit namnet på. me kan ferie.

Ingen kommentarer: