21.10.06

POSTKASSE #10

den usannsynleg populære kåringa av noregs nasjonalpostkasse held fram, denne gongen med eit foto ein av guffeblogbrukarane har sendt inn. biletet er uventa godt komponert.

reglane er stort sett uendra sidan kåringa tok til. skalaen går frå 10000 poeng (midt i blinken) til 1 poeng (ikkje midt i blinken). kvar og ein kan røysta på same postkasse maks tre gonger, og i slike tilfelle må poengsummane vera større eller mindre eller like store. dei som røyster anonymt kan eigentleg gjera som dei vil; dei som røyster under falskt namn bør skamma seg. dersom nokon kjenner seg i kjempeform, kan dei i tillegg gje postkassene poneg, poegn, peogn, osb.

sidan sist har, ikkje uventa, postkasse #6 styrka leiinga si. stillinga ser slik ut:

postkasse #6: 7356
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17

det har òg kome inn 5343 poneg, og 34 peong.

ny postkasse neste veke, ver sikker.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Denne postkassa var uvanleg vakker og funkjsonell. 10 000 poeng.

guffen sa...

funkjsonell?

Anonym sa...

Denne postkassa får 300 poneg, ingen poeng.

Anonym sa...

Ingen poeng for ei så nasjonal postkasse? Dette er jo eit flott eksemplar av sjølvaste den nasjonale grøne postkassa som finst over heile landet. Har mor di studert i Bergen? Kjenner ho ikkje postkassehistoria si?

guffen sa...

mor mi har studert i bergen, men eg trur ikkje det er grunnen til at ho er såpass øren.

kvifor meiner du det er viktig at ei nasjonalpostkasse er funkjsonell? gjeld det òg for andre nasjonalting? er nasjonalfjellet stetind eit funkjsonelt fjell? er nasjonalfuglen fossekallen utprega funkjsonell? er den eigentlege nasjonalfisken slimålen funkjsonell? er nasjonalflagget funkjsonelt?

Anonym sa...

Det er tydeleg at du ikkje kjenner meininga til ordet funkjsonell. Men svaret er JA på alle spørsmåla.

Dersom dette nedvurderande resultatet blir ståande, kan nasjonalpostkassejuryen vente seg ein formell protest.

Til alle nasjonalpostkassevener: Stem på postkasse nr. 10. Den einaste rette nasjonalpostkassa.
* Postkasse nr. 10 - postkassa for folk flest *

Anonym sa...

10000 poeng til postkasse 10 fordi: a) det er politisk korrekt å takke nei til reklame, b) det er politiske korrekt å ikkje henta posten (truleg er det lisensen) og c) det er miljømessig korrekt å ikkje vaske postkassa

Anonym sa...

Nydeleg postkasse: 10 000 poeng