det har vore ei sensasjonell og svært uventa utvikling i tippinga. lenge såg det ut til å dra seg mot ein duell mellom ragnhild og mor mi, heilt til far min kom med dette framlegget til regelendring. stein inge hadde eit lite tillegg, og det vart sett fram ein frist for protestar. ingen har protestert, slik at eg ser meg nøydd til å ta omsyn til regelendringa.
regelendringa gav i utgangspunktet 250 poeng til alle som hadde tippa brasil-frankrike i finala, og som hadde same førebokstavar som anten erik håker, eric heiden eller edvard hoem. vidare skal tre fjerdedelar av desse poenga gå til deltakarar med same etternamn som byar i danmark. etter det eg kan sjå er det berre eirik som får poeng på det fyrste punktet, medan stein inge er den einaste i det siste. stein inge får difor 187 poeng, medan eirik får 63.
den oppdaterte lista ser slik ut:
249 poeng: stein inge
110 poeng: eirik
77 poeng: ragnhild
75 poeng: marit
70 poeng: thor morten
69 poeng: erling
67 poeng: kjetil
63 poeng: gjert
62 poeng: matias
60 poeng: bjørg
59 poeng: jens johan
58 poeng: balle
57 poeng: torunn
55 poeng: halvor
52 poeng: docmartin
49 poeng: arnfinn
48 poeng: øystein, gaute
46 poeng: tørsten
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
eg vil gjerne takke deg guffen for ei prikkfri gjennomføring av avstemminga kring regelendringa idag. samstundes må eg og takke bror min jeb som stod for opptellinga av stemmene. eg seier som semb: stein inge rykker opp som ein klar gullkanditat.
Eg har framlegg til ny regelendring: at eg under alle omstende skal liggja øverst på lista, med ein million fleire poeng enn den som ligg på andre plass.
både far min, stein inge, og jeb røystar mot denne endringa.
Og kva so? Let du deg hundsa av far din?
ja, sjølvsagt. dessutan vert denne konkurransen arrangert etter strenge demokratiske reglar, og framlegget ditt vart diverre nedstemt.
No går jeg sur
bjørg - det er leitt at du går sur, men eg kan ikkje godta framlegget til tørsten, når det var éi stemme for og tre mot.
Eg visste at dette kom til å gå gale på eit tidepunkt. Neste gong lagar eg reglane
Legg inn en kommentar