5.11.06

POSTKASSE #12

eg og mor mi låg i telt på finnskogen denne helga, så no passar det retteleg godt med ein nasjonalpostkassekandidat med eit skogleg motiv. dei som vil røysta bør gjera det før fristen går ut, og elles fylgja reglane slik dei til minste detalj er presenterte her.

stillinga så langt ser slik ut, men me minner om at det ikkje er for seint å røysta på eldre kandidatar:

postkasse #10: 10000
postkasse #3: 5009,5
postkasse #6: 4907,3
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17
postkasse #11: 3

det er kome inn 5643 poneg, 34 peong, og, under tvil, 10 piong.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ha! Familien Kårtveit er ein elg? Og det skal vi liksom tru på?

Nei, det held ikkje til meir enn 1000 poeng.

Anonym sa...

I haust har det vore mykje snakk om den kvite elgen som bur ein plass på austlandet. Han er vel nesten som kjendis å rekne. Dette ser meir ut som ein svartelg, og sidan eg likar kjendiselgar betre, får denne berre 1500 poeng.

Anonym sa...

Å ja, og hadde det vore ein kongeleg elg, sjølvaste skogens konge, veit vi kor mange poeng han hadde fått.