16.6.06

LANDSKAPPLEIK

sidan fotballtippinga har vore ein slik umåteleg stor suksess for guffebloggen, og for å aktivisera han andre som er innom av og til, dreg me no i gang ei ny tippetevling. som dei fleste veit er landskappleiken rett rundt hjørna. me trur at det er meir enn nok å tippa vinnarane, og me avgrensar oss til desse klassane:

* lausdans
* durspel

* strykelyre
* beinfløyte
* langeleik (samspel)

framlegga må vera innkomne før fristen går ut.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flott, Guffen. Eg visste du eigentleg er meir lik på mor di, enn på den idrettsgalne far din.

1. Lausdan: Hallgrim Hansegård (Han frå Dansefeber)
2. Durspel: Ulf Arne Johannesen
3. Strykelyre: Nei, nei. Denne klassa finst ikkje.
4. Beinfløyte: Heller ikkje ei eiga klasse, men ok, kan kanskje gå inn under andre eldreinstrument. Men ingen spelar beinfløyte der i år. Kanskje far din burde få seg ein hobby, Guffen? Han sit nok mykje einsam.
5. Langeleik, samspel: Brøtagutadn.

guffen sa...

hm. viss du møter opp klokka eitt, laurdag 1. juli i konferansesalen, kjem helene wright frå gjøvik til å spela strykelyre, og joar skorpen frå indre sunnfjord til å spela beinfløyte.

og far min har ein hobby. han likar å sjå i vatnet.