10.6.06

PANELET

dei fleste tipsa frå panelet er no lagt ut. alle får ikkje plass på startsida, men de finn dei i menyen til høgre, anten under arkivet for 06/2006, eller under gjengangarane.

der er nokre manglar. arnfinn ville sjå litt av vm før han tippa, kjartan tippar berre ein og ein kamp, ragnhild har ikkje tippa sluttspelet, stein inge har gløymt ei kvartfinale, og larsen, den einaste med doktorgrad i organisk kjemi, måtte ha nokre ekstra dagar på å rekna ut tabellane i kvar gruppe. thor morten har ikkje levert noko, men rykta seier at det kjem eitelleranna. to personar har funne ut at 6-4 er eit truverdig resultat i ein straffespark-konkurranse.

dei som ikkje har noko anna medan dei ventar på neste kamp, kan sjekka at tipsa deira ser ut til å vera nokolunde i samsvar med det dei har tippa. av ein eller annan grunn er ikkje alle utlærte i excel, slik at det vart ørlite manuelt arbeid på meg. heller ikkje på det feltet har far min utstyrt meg med gode evner.

litt statstikk frå dei innkomne tipsa [oppdatert med thor morten, arnfinn og matias. og ragnhild]:
vinnar vm:
brasil (5), england, frankrike, spania og tyskland (2 kvar), angola, argentina, italia, polen eller kroatia, portugal og tsjekkia (1 kvar)

framlegg på toppskårar:
5: ronaldinho
3: henry
2: david villa og adriano
1: ein på angola, torres, rooney, milan baros, messi, viduka, totti og mario kempes

ronaldinho-mål
8 (eitt tips), 6 (to tips), 5 (tre tips) 4 (fem tips), 3 (seks tips), 2 (to tips)

zlatan utvist?
16 nei, tre ja

kahn på bah'n?
12 nei, 7 ja

Ingen kommentarer: