14.6.06

SPØRSMÅL 2


du arbeider som grafisk formgjevar. du får i oppdrag å laga ein logo for fotball-vm 2006. det slår deg at talet 0 har ei form som liknar litt på ein fotball. i talet 6 er der òg ein sirkel. du leikar deg litt med desse sirklane, og vips - der har du ein logo som franz beckenbauer kan godta.

teikninga i logoen har fire sirklar, og den til høgre er heilt klart eit sekstal. men eg slit med å finna to-talet, og sit difor med ei kjensle av at dette er logoen for vm i fotball 0006. ser nokon andre eit to-tal?

1 kommentar:

Gaute sa...

Du må ikkje sjå deg vill på at det er fire figurar. Tala står normalt i ein horisontal akse (slik far din ser ut når han ligg og ser på TV), då er det mao. dei grøne og blå figurane som skal vise kva årstal det er snakk om, altså 06.

Dei to mindre figurane, som står i ein vertikal akse (slik far din står når Arsenal scorar), skal du ikkje ta så mykje omsyn til. Men det er jo snakk om to figuarar, så kanskje det er det manglande to-talet ditt?

Då spør du kanskje kor det blir av den siste nullen, om dei to rundingan som står vertikalt skal vere eit to-tal. Svaret er, nullen er vel vekk fordi han er eit null.

Fleire spørsmål?