13.6.06

SPØRSMÅL 1

eg er sjølvsagt oppteken av å læra mest mogleg, og spør difor titt og ofte foreldra mine om det eg lurer på. begge to hevdar at dei er høgt utdana, men der er likevel store hol i kunnskapen deira. eg er difor nøydd til å venda meg til resten av verda for å få svar på det eg lurer på, og kjem til å leggja ut spørsmåla her så snart foreldra mine endeleg vedgår at dei er på bærtur.

spørsmålet i dag: kva gjer riksmeklingsmannen resten av året?

2 kommentarer:

Anders sa...

Eg trur han arbeider som julenisse, også typisk sesongarbeid.

Anonym sa...

Lever Herrens glade dagar, skal ein døma etter www.riksmeglingsmannen.no. Tidlegare var stillinga ei biinntekt, men ein har vel etter kvart funne ut at han treng resten av året til å sova ut og ta medisinane sine etter å bli forskrudd av alle vakenettene om våren.