28.6.06

SYMFO

eg var altså på konsert i oslo i går, på noko islandsk symforock. det var stas. far min har snakka mykje om då besten og besto tok han med på yes-konsert i drammenshallen då han var sju år gamal, og korleis den opplevinga var med på å forma livet hans. slik var det truleg for meg i går, sjølv om ingen av foreldra mine var med. mor mi skulle nett nippa litt vin og eta litt potittgull, medan far min brått kom på noko han hadde gløymt.

konserten opna med ei norsk jente som var så inspirert av bjørk av at ho song dei norsk-engelske tekstane sine med islandsk aksent. deretter dukka det opp fire islandske førskulejenter som kalla seg anima (truleg oppkalla etter eit kviss-spørsmål i radio voss). desse imponerte ved å bruka alle instrument i verda, bortsett frå miksmaster. deretter kom sigur ros på bana, og både visuelt og audielt var det høgdepunkt på høgdepunkt. fy fasan for ein konsert.

Ingen kommentarer: