1.6.06

SKEI

i dag vart det visst ikkje noko årsoppsummering. i går las mor mi ei bok om korleis det eigentleg er å vera dritunge, og der stod det at ungar skal kunne eta med skei utan hjelp frå andre før dei er eitt år gamle. eg hadde altså berre dagen i dag til å læra det på, og det gjekk sjølvsagt ikkje.

i morgon skjer det minst to store ting: eg inviterer truleg til vm-tipping (i alle fall dersom operadart-miljøet i bergen ikkje gjer det), og den store folkefesten tek til klokka åtte i gamlevegen.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Med tanke på at utviklinga di går seint, Guffen, synest eg du alt no skal tenkje på korleis du skal gå fram for å saksøkje foreldra dine for ein dårleg barndom. Er det far eller mor di som er ei sinke?
Eg trur personleg det kan vera far din som er største problemet. Kva meiner mor di om dette?

guffen sa...

problemet (og det er eit stort problem) er at mor mi helst vil ha ein gjennomsnittsunge, medan far min er livredd for at akkurat det skal skje.

Anonym sa...

Det heiter vel "skei" og ikkje "skje" på nynorsk?