26.6.06

VITJING

den siste veka har me hatt besten og besto på vitjing. det var to viktige grunnar til at dei kom akkurat no - for det fyrste var det nynorske festspel denne veka, og for det andre trong far min litt tid for seg sjølv, slik at han kunne finna opp gode bortforklaringar på den hjelpelause vm-tippinga si.

besten og besto er relativt sjølvstendige gjestar, og greier seg godt på eiga hand. besten låg stort sett på sofaen og las ei tidlegare lite brukt dagbok om ungdomsåra til forfattaren knut hauge. for å få oss andre til å sova om kveldane refererte han høgdepunkt frå boka. han meinte me burde visa stor interesse for hauge, sidan a) knut hauge har kome litt i skuggen av dei to brørne sine, olav h. og alfred, b) besten og knut hauge var nære vener heile livet, c) knut hauge ein gong sykla til hallingdal for å kjøpa seg bunad, og d) syskenbornet til knut hauge var gift med syskenbornet til besten, slik at det eigentleg var tjukkaste slekta han snakka om.

besto dreiv stort sett med strikking, hekling, brodering, veving og litt makramé. foreldra mine hadde kjøpt inn mat for tusenvis av kroner, slik at maten i alle fall skulle vera god, men besten og besto var meir interesserte i nokre gamle bagettar dei fann inst i eit skåp.

eg fekk ikkje med seg så mykje av dei nynorske festspela, sidan far min bind meg fast til leikegrinda kvar gong fotball-alarmen går. eg kunne difor ikkje vera med på kurset i blogging, men eg fekk med meg eit kurs i banning, og det får eg truleg mykje meir bruk for. berre eg kjem i gang med snakkinga, kan eg verta like flink som han nordlendingen her. (skru på lyd før du klikkar deg vidare.)

Ingen kommentarer: