19.6.06

PILKING

i går såg ikkje far min og eg anna råd. me lånte båten til prikkebloggen og putra ut på voldsfjorden, der me drog i gang noko pilking, litt dorging, litt juksing, pluss at me drog litt oter. viktigaste grunnen til dette var at me ville unngå jonsokmila.

jonsokmila er relativt genialt. eit lass med voldingar og ørstingar betalar omtrent ein hundrelapp for å få på seg eit startnummer, før dei går eller spring eller syklar langs europavegen frå volda til ørsta. ruta går gjennom gamlevegen, slik at me har fri utsikt til desse tullingane. viss dei absolutt skal gå til ørsta, kvifor betalar dei ein hundrelapp for å gjera det? og viss dei absolutt skal ut og gå, kvifor går dei ikkje ein stad det er hakket mindre trafikk? dersom dei på liv og død skal støtta arrangørane, som sikkert er eit lokalt idrettslag, kan dei jo gje pengane direkte til dei? alt dei sit att med sjølv er eit diplom og ei sjokolademedalje, innkjøpt på mix for fem kroner.

1 kommentar:

Anonym sa...

Kvifor pilkar far din når han er vegetarianar? Hatar han fisk? Hatar han dei så mykje at han ikkje eingong vil eta dei?