24.6.06

VM-RESULTAT 16

eg skal gjerne innrømma at der var ein del haltande detaljar rundt poengutrekninga i sluttspelet. planen var å gje to poeng til dei som hadde anten rett vinnar eller tapar i åttandedelsfinalene, og at ein fekk to poeng for rett resultat. det eg ikkje hadde tenkt på var at det då faktisk ville løna seg å tippa feil i innleiinga, slik at dei som hadde tippa at tyskland vann ei åttandedelsfinale, medan sverige tapte ei anna, ville få to pluss to poeng, medan dei som hadde tyskland og sverige i same åttandedelsfinale berre ville få to. reglane er difor endra, slik at ein i åttandedelsfinalene kan få maks seks poeng i kvar kamp - to for rett vinnar, to for rett tapar, og to for rett resultat. både arnfinn og halvor greidde dette i ein kamp, men vart overgått av ragnhild. ho hadde rett vinnar og rett tapar i begge kampane, med rett resultat i den siste, slik at ho fekk ti poeng på dei kampane, og har gått opp i teten. ho har like godt tippa rette lag i begge kampane i morgon òg.

sverige forsvann ut i dag, slik at eg òg har delt ut poeng til dei som tippa at zlatan ikkje vart utvist i vm.

mor mi ligg bra an i kampen om den magiske sjuandeplassen.

58 poeng: ragnhild
57 poeng: erling
55 poeng: thor morten
48 poeng: bjørg, gjert
46 poeng: kjetil
44 poeng: marit, stein inge, balle
43 poeng: jens johan
42 poeng: matias
41 poeng: torunn
40 poeng: gaute, øystein
38 poeng: eirik
36 poeng: halvor, tørsten
34 poeng: lars

33 poeng: arnfinn
32 poeng: docmartin
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

1 kommentar:

Anonym sa...

Skandale !!!
Van Basten gjorde tidendes blemme idag når han ikkje bytta inn Van Nistelroy, då hadde det blitt 1-1 etter mål av Nistelroy. Dette ville ført til tidenendes mest spennande ekstra omganger og 6 nye gulekort som ville gitt totalt 8 raude kort og akkurat nok spelarar til å avgjera straffekonkuransen i Nederlands fordel etter 7-6 etter straffe konkuransen.
Om så hadde skjedd ville eg vunne gissekonkuransen. No har eg berre ei mogleheit igjenn, nemleg at Klinsmann tar til vitet og byter inn Khan.
Alle Hellevear må skjerpe seg i gissekonkuransen no og ta fleire poeng om dei ikkje ønskjer å bli vitsa med.
(Matias er sjøvsagt eit heiderleg unntak og forsvarar familie æra godt.