25.6.06

VM-RESULTAT 17

det renn inn med poeng, slik det plar vera i sluttspelet, og dei to i teten har opparbeidd seg ei lita luke. mor mi var i kjempeform, og skrapa saman ti poeng, slik at ho ligg godt an i kampen om den magiske fjerdeplassen.

eg gjer merksam på at lista kan endra seg når lars og kjartan leverer sine tips for sluttspelet.

63 poeng: erling
62 poeng: ragnhild
59 poeng: thor morten
54 poeng: marit
50 poeng: bjørg, gjert, kjetil
47 poeng: jens johan
46 poeng: stein inge, matias, øystein
45 poeng: torunn
44 poeng: balle
42 poeng: gaute
40 poeng: eirik
38 poeng: halvor
36 poeng: tørsten, docmartin
35 poeng: arnfinn
34 poeng: lars
8 poeng: kjartan
0 poeng: eivind

13 kommentarer:

Anonym sa...

Kva meiner Guffen om Helleveane sin innsats i konkuransen?
Sviktar regelverket når ein tipper to riktige lag i kampen og får 0 poeng?
Kva skjer med nasjonalismen om tyskland vinn fleire kampar?
Er Bergensarane redde for å blogga?

Anonym sa...

Tyskland kjem til å starte ny verdskrig om dei ikkje vinn finala, så eg håpar dei vinn. Helleveane er ute av form og ikkje ein trussel verken på eller utanfor bana

Anonym sa...

sigeren er i boks no om ikkje oliver khan kjem inn, helleveane er som vanlig parkert

Anonym sa...

Vadlaene suffer mest, då dei ikkje eingong våger å gisse avdi dei er redd for å bli slått av Helleveane

Anonym sa...

"Gjert said...

...Helleveane er ute av form og ikkje ein trussel verken på eller utanfor bana"

Det finst andre måtar å nå måla sine på enn å koma med trugsmål.

guffen sa...

eg merkar meg at thor morten framleis er mest oppteken av å slå helleveane. det må vel tyda at han meiner at helleveane er dei som kan mest fotball. det stemmer sjølvsagt ikkje, i alle fall ikkje så lenge gjerten er med.

regelverket sviktar sjølvsagt ikkje. dei som tippar feil vinnar mellom portugal og nederland, sjølv om dei har begge laga rette, får null poeng. at dei har begge laga i rett kamp, har dei fått poeng for tidlegare.

guffen sa...

og erling kan forresten sova godt. ragnhild, trass i imponerande tipping, er den einaste som ikkje har forstått kodane i skjemaet, slik at ho har ført vinnarlaga i åttandedelsfinalene inn i feil kvartfinaler.

Ragnhild Bjorge sa...

Ragnhild meiner at ho må få ein sjanse til til å fiksa dette. Det er trass alt eit par her som ikkje har levert sluttspeltippinga si enno, og me er trass langt ut i dette alt...

guffen sa...

no blandar du korta. å ikkje levera skjema er ein ting; det er noko heilt anna å levera inn eit skjema med feil svar.

Ragnhild Bjorge sa...

vel, eg vil retta opp ein liten glipp, medan andre vil levera ein fasit etter at vm er over og så krevja potten? eg tenkjer at eg iallfall har dei beste korta.

Anonym sa...

Godt tippa til no Ragnhild, men av erfaring veit du vel at det blir ein Helleve som vinn til sist uansett pga god kverrulering og regel fasit?
Guffen burde sende ein mail til alle deltakarane slik at det kan bli meir kverulering og ukvemsord i bloggen.
Det er riktig at mitt viktigaste mål er å slå Helleveane då Gjerten trass alt spelar ein divisjon over meg i fotball vit

Ragnhild Bjorge sa...

Takk, og sjølv takk!
Det er ein vel ein stor foldel å laga reglane, så eg tvilar ikkje eitt sekund på kven som vinn til slutt!
Elles er kverulering og ukvemsord er noko av det kjekkaste med tevlingar, men eg tykkjer no me greier å gjera det bra her, eller? Men gjerne kverulering òg:)

Anonym sa...

Guffen er like stor helt som Totti sidan han har dratt igang konkuransen.
Aldri har eg ønska så sterkt at Nederland skulle skåre som igår, då eg hadde 1-1 i den kampen