dag 2 er over. der dag 1 var ein glad-dag, med mange og fine mål, vart dag to ein lei dag, med sur fotball og få mål. det er nett som i 1980-åra - det er tyskland ein må stola på når det gjeld god underhaldning.
stillinga har endra seg litt sidan i går. matias har teke ei klar leiing, noko som kanskje kan skuldast at han kan ha kjent til resultata frå i går før han fylte ut skjemaet sitt. men så lenge ingen har klaga på det, vert han ståande med full pott frå dei to fyrste kampane.
lista ser slik ut:
8 poeng: matias
5 poeng: kjetil, ragnhild, øystein
4 poeng: balle, stein inge
3 poeng: thor morten, gjert, kjartan, lars, marit
2 poeng: arnfinn, bjørg, erling, jens johan, tørsten
1 poeng: eirik, gaute, halvor, torunn
0 poeng: eivind
eg minner om at alle listene og gamle resultatlister ligg under VM-tipping 2006 i menyen til høgre.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
Det går bratt nedover med deg, Guffen.
det var far min sin idé. eg var heilt mot, sjølvsagt.
Frode ned i havet.
Eg vil endra tipsa mine for kampane i dag til:
england-paraguay 1-0
sverige-trinidad 0-0
argentina-elfenbeinrøkla 2-1
Eg trur sverige og tobakko trinidad spelar uaavgjort. Kor mange poeng får eg for det?
null poeng for tipset, men tusenvis av poeng for det ekstremt originale ordspelet.
Synest det er sterkt at Matias skriv nynorsk sjølv om han veks opp i tjukkaste bokmålsland.
Legg inn en kommentar