12.6.06

VM-RESULTAT 4

dagen i dag starta med ein eu-kontroll, der dokteren igjen viste stor interesse for å nappa meg i løken. denne nappinga, kombinert med ein sykkeltur der temperaturen i sykkelvogna runda tretti grader, gjorde at eg utover ettermiddagen vart meir og meir plaga av ein relativt imponerande og fargerik diare. eg valde difor å stå over kampen italia-ghana, og det var ei blemme, sidan det var eitt av dei beste oppgjera så langt. trist resultat for alle som likar gladfotball, men likevel eit populært resultat - fem tipparar hadde 2-0.

kjetil er den einaste som har eit slags heng på teten, sjølv om matias har dabba litt av. den mest skuffande plasseringa så langt har kjartan - skuffande av di han har funne ut at det vert enklare å tippa dersom ein ventar til kampdagen. sluttspel-tippinga hans kjem visst ikkje før alle lag har spela minst to kampar, så han kjem nok sterkare attende då.

stillinga:
19 poeng: matias
14 poeng: kjetil
10 poeng: stein inge
9 poeng: gjert, thor morten, erling
8 poeng: ragnhild, balle, kjartan, jens johan
7 poeng: bjørg

6 poeng: øystein, marit, lars, tørsten, eirik
5 poeng: arnfinn, torunn, gaute
2 poeng: halvor
0 poeng: eivind

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det er ein maraton, ikkje ein sprint.

guffen sa...

du veit at kjetil er den einaste på lista som spring maraton to-tre gonger i året?

Anonym sa...

Det første avgjerande bruddet i maratonen kjem idag. Både Frankriket og Brasil vinn minst 2-0 idag utan å bruke krefter. Eg reiser til Bergen for eit mogleg comeback på fotballbana fredag, men maraton formen er ikkje inne.