23.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 11

(her står det kva dette har her å gjera)
Tirsdag 25. juli 1978. Svanvik
Eg vakna i halvåtte tida i dag. Torvald og eg byrja å spela leksikon. Det var eg som vann. Så kledde eg på meg. Eg vaska meg, og etterpå gjekk eg ned for å eta. Vi sette oss ved det same bordet som dagen før, og eg åt to skiver. Etterpå såg eg og Torvald på utstillinga om varg. Så gjekk vi opp att på rommet. Der låg Arnstein og Kjartan. Dei las i blad. Torvald og eg la oss til å lesa vi også. Eg las i fantometboka. Så byrja eg å skriva her. Etterpå spurde Arnstein om eg ville vera med å spela leksikon. Det ville eg. Etterpå gjekk vi ned for å eta. Det var egg og cornflakes og brød. Då vi hadde ete, spela Torvald og eg bordtennis. Eg slo han 3-2 etter ein hard fight. Etterpå gjekk vi opp att på rommet. Der las vi i blad. Eg vart ferdig med fantometboka. Kjartan kom og fortalde at han og Frode skulle ned og bada. Eg og Arnstein vart med. Vi bada til klokka var ti på eitt. Då måtte vi opp att. Vi tørka oss, og kledde på oss. Då vi kom opp att, hengde vi badekleda og handkleda på snora. Klokka to var det middag. Fisk. Det vart heller lite eting på vår familie. Då meiner eg mest ungane, besten og besto er nokså glade i fisk. Etterpå fekk vi vita at turen oppover Pasvikdalen skulle byrja kvart over tre. Det var sett opp bussar, men vi valde å køyra i eigen bil. Då vi var komne eit stykke, stogga vi. Det var ved Pasvikdalen gravplass vi stogga. Vi såg på eit monument til minne om skoltesamane sin gravskikk. Etterpå gjekk vi opp på ein topp. Der var det eit grensetårn. Det var norsk. (Sjølvsagt) Vi såg langt inn i Sovjet. Vi såg byen Nickel, med over 20000 innbyggjarar. I det fjerne var det ein skogbrann. Reiseledaren sa det var ofte dei såg slikt frå Svanvik. Russarane var redde for å sløkkja. Dei var redde for at granater og bomber frå krigen skulle eksplodera. Sidan reiste vi vidare. Etter ei stund kom vi fram til staden vi skulle eta. Først var vi heilt ute i ingenmannsland mellom Norge og Russland. Så gjekk vi tilbake til Norge og inn på ein gard. Der var det to gamle folk som treftest, og dei prata saman. Vi gjekk tilbake til der bussen og bilane stod og inn i ein skog ved sida av. Der hadde nokre fyrt opp bål. Der var også mat. Lapskaus. Eg fekk meg ein porsjon. Arnstein, Ola og eg sette oss attmed kvarandre. Ola var så uheldig å ha mykje mose oppi tallerkenen min, så den porsjonen fekk ein hund som var ute og sprang. Då vi hadde ete, reiste vi. Då vi kom tilbake til skulen, oppdaga eg at eg hadde fått eit stort gnagsår. Men det var snart programkveld, så eg brydde meg ikkje om det. Då vi kom ned til hovedbygget, stod Frode og Christel der. Dei spurde om vi ikkje skulle gå inn og spela bordtennis. Det gjorde vi. Etter ei stund vart vi lei, så vi gjekk opp i peisestova. Der var det programkvelden skulle vera. Han skulle snart byrja, så vi sette oss ned. Men vi likte ikkje programmet noko særleg. Så vi gjekk ut igjen. Arnstein, Frode, Kjartan og eg gjekk der og prata. Etter ei stund var visst programmet slutt. Folka kom ned, og dei gjekk utanfor for å få frisk luft. Kjartan spurde besten om vi kunne få kvar sin brus, og det fekk vi. Vi drakk opp brusen, åt litt kake, og gjekk opp på internatet. Vi las litt i blad. Besten sa at Frode måtte gå, for Kjartan skulle leggja seg. Så då han var gått, la vi oss vi andre og. Eg skreiv litt i boka her før eg sovna.
Neste dag - 26. juli 1978

Ingen kommentarer: