26.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 14

(forklaring)
Fredag 28. juli 1978. Svanvik - Ivalo
Eg har sove godt. Klokka var halv ni då eg vakna. Det var frukost klokka ni. Eg skreiv litt i boka for torsdag. Men klokka nærma seg ni, så eg gjekk ned for å eta frukost saman med besto, Torvald og Kristine. Arnstein og Kjartan sov. Besten var reist til Kirkenes med ein buss i åttetida for å få bilen på verkstad. Då vi hadde ete, spela Torvald og eg sjakk. Medan vi åt, kom Hans og Håvard for å sjå på. Det var eg som vann. Så spela eg mot Hans. Eg matta han nesten med ein gong, men det var så tidleg i spelet at vi spela vidare. Eg matta han igjen, og då slutta vi og spela. Etterpå spela Håvard og Torvald. Då reiste eg ned i bordtennisrommet saman med Hans. Første sett gjekk til han, men andre og tredje til meg. Så gjekk vi opp att. Der dreiv rektoren på med og informera om turen til Murmansk. Deltagarane fekk vita at dei skulle saman på eit internat. Kva rom dei skulle ha, og nærmare opplysningar skulle dei få om kvelden. Håvard og Torvald spela framleis sjakk. Dei kom gåande bortover litt etterpå. Håvard hadde vunne. Så gjekk vi i bassenget. Det var Håvard, Hans, Torvald og eg som skulle bada. Men då vi kom opp trappa, stogga besto oss. Ho hadde sett at ein av rektorsønene hadde spurt faren sin om lov, men Sørensen nekta. Dei måtte ha med seg ein stor. Men Håvard var med oss, så den saka gjekk greitt. Etter ei stund kom rektorsonen, og han hadde med seg ein kamerat. Dei heitte Hans Arne og Bertil. Arnstein kom også litt etter. Omkring halv tolv kom Kristine og Kjartan. Besten kom med kamera litt seinare. Han filma og fotograferte. Vi gjekk opp i tolvtida. Då skulle vi reisa. Først gjekk vi opp til rommet der vi budde. Vi bar ned madrassane vi låg på, og så reiste vi. Først køyrde vi berre ned til hovedinngangen. Der sat deltagarane og drakk kaffi. Vi gjekk for å sei farvel til de som sat der. Så reiste vi då, og det beint til Kirkenes. Der handla vi litt. Besten kjøpte eit par bøker, spørreboka om meg, og dyrehage. Dyrehage var noko med ein dyrehage som kunne brettast ut. Då vi reiste att, reiste vi den vegen vi hadde køyrt då vi kom. Då vi kom til Neiden svinga vi ut frå den vegen og over mot Finland. Det var ein tollstasjon på norsk side, men då vi stogga, var det ein mann på kontoret som vinka oss vidare. Vi køyrde vidare inn i Finland. Det var ikkje så dårleg veg som eg hadde tenkt meg, det var 28 kilometer med asfalt ein plass. Då vi kom til Kaamanen var det mykje betre veg. Vi kom fyrst til Enare. Vi prøvde nokre campingplassar der, men det var ikkje ledig nokon stad. Så vi køyrde vidare til Ivalo. Der kjøpte vi klistremerke. Vi fann ein campingplass. Der var det ledig plass. Vi fekk hytte nr. 24 på campingplassen, der det var fire senger og ei madrass. Eg låg på madrassen, besten og besto og Torvald og Kristine i senger, og Arnstein og Kjartan låg på golvet. Først åt vi. Så prøvde vi den finske brusen. Han var ikkje god. Etterpå gjekk vi og la oss. Torvald sa "skal vi sjå kven som søv lengst i morgon?" Forslaget blei godtatt. Så låg vi då der, og prøvde å få sova. Og det klarde vi og etter ei stund.
Neste dag - laurdag 29. juli 1978

Ingen kommentarer: