19.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 7

(kva er dette? svaret finn du her)
Fredag 21. juli 1978. Bardu - Karesuanto
Eg vakna i åttetida. Eg la meg til å lesa ferdig Colt, som Torvald kjøpte i går. Etterpå skreiv eg i denne boka for i går og i dag. Etterpå skal eg gjera klar til noko i den andre boka, nemlig å telja bilsortar. Denne gongen vann Volvo for tredje gong. I går vann Ford ei gong, og samanlagt leder Volvo med 198, med Ford på andre med 181 og Opel er på tredje med 119. Sidan skreiv eg litt i denne boka. Vi stogga i Storsteinnes. Der kjøpte besten og besto mat. Like etterpå stogga vi. Vi åt og bada. Det var kaldt, men kjekt. Sidan køyrde vi vidare. Etter ei stund kom vi inn i Skibotn. Der kjøpte Torvald Legenden om Morgan Kane og eg Fantomet. Så las vi i dei. Så skulle vi inn i Finland. Me stogga og fotograferte på grensa. Så kom vi inn til tollen i Kilpisjärvi. Det vart vel eit halvt minutts opphald på tollen. Så køyrde vi vidare. Det var einsformig på fjellet. Lange beine vegstrekningar. Men me kom oss då fram til campingplassen i Karesuvanto. Der gjekk besten inn. Han tenkte han måtte snakka svensk, men ho som stod i resepsjonen forstod norsk. Vi fekk hytte nr. 5 på Karesuvanto Camping. Me ungane var fyrstemann ned til hytta, men det var vondt å få opp låsen. Alle prøvde, men det gjekk ikkje. Besto kom, men det gjekk ikkje då heller. Men då besten kom, gjekk det etter nokre forsøk. Då vi kom inn, sette vi på bordet med ein gong. Besto reiste opp for å steikja fisk på kjøkkenet. Då vi hadde ete, spela vi ungane boccia. Det kom ei skjor og ville vera med, men ho fekk ikkje vera med. Besten tok eit bilete av skjora, og så gjekk vi inn att. Kristine og Kjartan gjekk opp for å pussa tennene, og etterpå la dei seg. Arnstein og Torvald tok seg ein tur til Sverige, mens besten og eg skreiv i feriebøkene våre. Etterpå gjekk eg, besten og besto ein tur, vi også. Kristine og Kjartan sov, så vi kunne ikkje gå til Sverige vi, slik som Arnstein og Torvald. Vi gjekk bort dit vi hadde sett samane selgja sameklede, reinsdurskinn og reinsdyrhorn. Men dei var stengde, så vi gjekk vidare til ein annan butikk. Den var open, og der selde dei souvenirar og klede. Besten møtte ei som hadde gått på folkehøgskulen, og det vart ein heil liten prat av det. Det var mangt eg ville kjøpa, men pengane strakk ikkje til. Så sa besten at me skulle gå ut att. Dei ville gå ein tur, mens eg gjekk bort att til hytta. Det gjorde eg, og no sit eg her og skriv. Etterpå kom Torvald og Arnstein. Arnstein hadde kjøpt klistremerke frå Karesuvanto. Det limte vi på bilen. Besto og besten kom også. Vi gjekk opp på do for å pussa tennene. Då vi kom ned att, la vi oss.
Neste dag - laurdag 22. juli 1978

4 kommentarer:

Anonym sa...

Kjem det nokon kortversjon av dette seinare, eller må lese alt for å få med seg kva bilmerke som var mest populært på sytiitalet?

guffen sa...

nei. og det heiter syttitalet.

Anonym sa...

Nei vel. Og ein plar byrje med stor bokstav. Skikkeleg fin stemning i dette diskusjonsrommet.

guffen sa...

stemninga vert ikkje betre av at du gjer narr av oss som ikkje er gamle nok til å skriva med store bokstavar.