20.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 8

(viss du av ein eller annan grunn ikkje skjønar kva dette er, kan du leita her)
Laurdag 22. juli 1978. Karesuvanto - Karasjok
Eg vakna tidleg. Eg prøvde å få sova, men det gjekk ikkje. Kristine og Kjartan vakna, og Kjartan la seg opp i senga til Kristine, og der låg dei og bråka. Eg låg der i varmen, og venta på at dei andre skulle vakna. Arnstein låg og dytta på meg. Sjølv om han sov, klarde han å dytta meg nesten under senga. Så difor flytta eg meg over på andre sida av han. Etterkvart vakna dei andre og, og besto byrja å rulla saman soveposane. Dei fleste gjekk på do. Eg og Arnstein skulle opp og kjøpa melk, men dei selde berre i glas. Så difor gjekk me ned att. Besten, Torvald, Arnstein, Kristine og Kjartan reiste bort til ein annan butikk for å kjøpa melk. Eg sette meg til å skriva her. Besto sette på bordet. Eg og ho byrja eta. Sidan kom dei andre og, og dei åt dei og. Då vi hadde ete, reiste eg, Arnstein, Kjartan og Kristine ut i sandgropa bak hytta. Der laga vi ein hoppbakke. Der sende vi bocciakulene utfor. Etterpå reiste vi. Først drog vi bort til butikkane. Der kjøpte vi boblejakker til Arnstein og Kristine. Vi reiste vidare. Det vil sei - vi snudde og reiste vidare forbi campingplassen. Då vi kom eit stykke lenger, stogga vi og fylte bensin. Endå eit stykke lenger kjøpte vi mat og is. Mikke-is. Ein is som likna på Mikke. Så køyrde vi vidare oppå fjellet. Vi køyrde over grensa til Noreg. Vi var glade over å vera i Noreg igjen. Vi køyrde innover mot Kautokeino. Då vi kom dit var klokka kvart over eitt. Besten ville ta ut pengar i postsparebanken, men den stengde klokka eitt. Sidan køyrde vi vidare for å finna vatn. Då vi kom til ein bensinstasjon, køyrde vi inn der. Der fekk vi vatn. Samstundes kjøpte vi klistremerke frå Kautokeino. Så snudde vi og køyrde tilbake. Vi hadde sett ein fin liten innsjø like før Kautokeino, og dit reiste vi no. Vi skulle eta der, og då kunne vi bada også. Det var mykje mygg på sandstranda der, men det var ikkje mykje mygg i og nede ved det kalde vatnet. Eg sette meg bak til Torvald. Men då vi ungane forbereda oss på å køyra til Karasjok, svinga besten og besto inn på ein annan veg. Dei hadde bestemt seg for å sjå på nokre sylvsmedvarer. Dei kjøpte ei brosje til besto, og eit smykke til Kristine. Då vi reiste vidare, var det svært varmt i bilen. Vi stogga nede i sentrum. Der kjøpte besten Dagbladet og Torvald Agent X9. Eg las i Legenden om Morgan Kane. Då vi kom opp på vidda, las eg framleis. Eg byrja å skriva i boka her, og det gjer eg enno. Då vi kom fram til Karasjok, var det ikkje plass på nokon campingplass. Difor køyrde vi ut av Karasjok for å leita etter ein plass vi kunne setja opp teltet. Etter ei stund fann vi ein plass, og vi sette opp teltet der. Besto laga speilegg og flesk, og det smakte godt. Sidan la vi soveposane og madrassane inn i teltet. Besten var nede i Karasjok og kjøpte ein myggspiral. Arnstein, besto og eg gjekk bort i bekken for å pussa tennene. Så la vi oss. Alle fekk plass i teltet.
Neste dag - sundag 23. juni 1978

Ingen kommentarer: