31.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 20

(buffalo bill goes ice-skating)
Torsdag 3. august 1978. Bomstad - Ås
Eg vakna i åttetida. Arnstein og eg gjekk ned og bada. Torvald kom også etter ei stund. Vi leika med tømmerstokkar no også. Etter ei stund gjekk vi opp att. Besten var reist inn til Karlstad for å kjøpa ny bensinpumpe. Vi ungane spelte minigolf. Kjartan hadde nokre problem, men Kristine var overraskande god. Det var litt av ein thriller. Arnstein leda lenge. Då vi dreiv på med det tiande holet, slo Kristine på det tolvte berre for å øva seg. Ho fekk ballen opp i holet. men ho fekk han ikkje igjen. Så då vi andre også kom til det, måtte ho venta til vi andre hadde slege. Viss nokon brukte åtte slag, kunne Kristine bruka den ballen han hadde. Men det gjorde ingen, så Kristine vart oppført med åtte på det holet. Resultatlista vart slik: Arnstein og eg vann med 62, Torvald hadde 66, Kristine hadde 69, og Kjartan hadde 75. Vi gjekk ned til vatnet og bada etterpå. Eg gjekk opp att nokså tidleg. Då kom besten med bussen. Han sette på bensinpumpa. Etterpå reiste vi. Torvald og eg sat bak. Då vi kom til Grums, stogga vi og handla. Etterpå køyrde vi vidare. Då vi kom til ein rasteplass, stogga vi og åt. Det viste seg at besto hadde kjøpt to kneipbrød. Vi vart så glade for det at vi åt opp det eine. Etterpå, då vi reiste, spela Torvald og eg lygaren. Det vart litt rot av det, så det vart vanskeleg å kåra ein vinnar. Det vart bråk i midtsetet, men det vart stillare etter kvart. No ligg dei visst og søv. Vi nærma oss Noreg. Bensinen var billeg i Sverige, så vi var inne på ein stasjon og kjøpte full tank. Der kjøpte vi is. Torvald og eg fekk fersken. Like før norske grensa var det eit stort telt. Det var ein teltbutikk. Der kjøpte vi nokre ting. besto kjøpte ein "vindy" til oss. Etterpå køyrde vi inn i Noreg. Vi kom til Mysen, og besto gjekk inn på telegrafen for å ringja til Rasmus. Dei var heime, så vi reiste dit. Då vi kom til Ås, vart det litt problem med å finna vegen dit Rasmus budde. Men det gjekk til slutt. Der vart vi møtt av Rasmus og Anne og Bente og Gro. Då vi hadde helst på kvarandre, gjekk vi inn i huset. Det vart litt småprating. Anne sette på bordet, og så åt vi. Etterpå las vi i blad som Bente fann til oss. Vi var trøytte, og la oss ei stund etter.
Neste dag - 4. august 1978

1 kommentar:

Braddie G sa...

Hey Goofen, this is so amazig! It seems you had a really great time vacationing there. Stay blssed. keep sharing such wonderful experiences.
Etizolam RX Online