15.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 3

(dersom du ikkje veit kva dette handlar om, vert du klokare her)
Mandag 17. juli 1978. Melhus
Eg har sove godt. Eg, Torvald og Arnstein ligg på same rom. Arnstein og eg ligg i senger, mens Torvald ligg på golvet. Det er overskya ute, men eg trur ikkje det regnar. I går kveld kom Torvald med nokre blad, 3 Mad, 4 Buster og eit Texas. Dei ligg Arnstein og Torvald og les i no. Så stod vi opp. Me reiste bort til Olve og Margit for å eta frukost. Etterpå gjekk eg og Arnstein bort for å spela tennis. Vi spela ei stund. Så gjekk vi bort att til Margit og Olve. Vi høyrde plater på rommet til Halldis. Etter ei stund gjekk eg ned. Eg hadde ingenting å gjera på, så eg gjekk bort og slo tennis for meg sjølv. Om ei stund åt vi middag. Vi ungane sat ved eit bord på kjøkkenet. Dei vaksne sat i stova. Det var poteter og pølser. Til dessert var det jorbær og is eller jordbær og fløte. Ei stund etterpå skulle vi drikka kaffi hjå bestemor og bestefar til Bodvar, Torstein, Eiliv og Halldis. Det var pådekt to bord. Ved det eine sat besten, besto, Olve, Margit, mor til Olve og far til Olve. Ved det andre sat Kjartan, Kristine, Arnstein, Torvald, Torstein og eg. Under måltidet var Arnstein så uheldig å sleppa ned ei kake. Men Torstein F. tørka det opp att. Etterpå var eg og Arnstein og Kristine nede i kjellaren på internatet og høyrde på Torstein. Han spelar ein eller annan sort gitar i Harvest. Det er ei gruppe på fire. Eiliv er og med i ei gruppe, Garasch. Der er det og fire med. Eiliv spelar bassgitar. Om kvelden såg vi ein western, Mannjamning. Etter filmen såg vi ljosbilete. Så åt vi og gjekk og la oss.
Neste dag - tirsdag 18. juli 1978

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kunne ikkje Onkel K. fått eit tøffare psydonym? Kjartan høyrest jo ut som Mr. Pink.

guffen sa...

det var det beste eg kom på i farten. eg tek gjerne mot betre framlegg. burde forresten onkel T få dekknamnet Torfinn, sidan onkel A går under namnet Arnstein?