24.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 12

(Her står det alt om kva dette er)
Onsdag 26. juli 1978. Svanvik
Eg har sove godt. Først vakna eg i sjutida, men eg sovna igjen og vakna ikkje før åtte. Då var det frukost, og vi gjekk ned og åt. Etterpå spela Arnstein og eg sjakk. Eg vann. Sidan reiste vi ned i bordtennisrommet. Der var Frode og Christel. Men då vi kom inn, var Christel av ein eller annan grunn blitt sur, så ho gjekk. Vi andre spela litt. Etterpå gjekk vi i bassenget. I programmet stod det at det var rundtur på Svanvik klokka halv tolv, men det brydde ikkje vi oss om. Vi var der til klokka var nesten to. Då var det lunch, så då gjekk vi opp. Etter at vi hadde ete, gjekk Frode, Arnstein og eg på oppdagingsferd i bygningen. Vi var innom i kvart rom som ikkje var låst. Vi stogga i nokre, mens vi for rett igjennom andre. Vi visste ikkje akkurat kva vi skulle gjera. Det vart til at vi gjekk i bassenget. Vi var i bassenget eit par timar også denne gongen. Klokka sju var det festmiddag, til ære for Fossgard. Det var reinsdyrkjøtt med grønsaker og poteter. Til dessert var det is. Etterpå gjekk vi ut, Frode, Arnstein og eg. Der var det to som sykla på ein sykkel. Vi tulla litt med dei. Det var sønene til rektor'n. Litt etterpå kom jentene og sa at dei ville spela bordtennis. Men vi gutane sprang inn i rommet og byrja å spela. Jentene sa at dei hadde fått låna han, men vi spurde ein av sønene til rektoren (det var sonen som eigde ballen) om vi fekk låna han, og det fekk vi. Vi spela ei stund. Etterpå var det dans. Eg dansa med mor. Men eg var trøytt og ville leggja meg. Så gjekk eg bort hit. Eg skreiv i denne boka. Torvald kom etter ei stund. Men eg pussa tennene og la meg.
Neste dag - torsdag 27. juli 1978

Ingen kommentarer: