1.1.06

MUSIKK

på vegen heim frå ekstremsportveko spurde mor mi far min om ikkje dei skulle starta band. ho meinte at ho kunne gjera seg godt som slagverkar. trommesettet skulle vera relativt lite - ei sånn stor tromme, to skarptrommer, ein hi-hat og to bongas. far min lurte på kva bandet skulle heita, og mor mi meinte at go-betweens kunne passa bra.

tilfellet ville det slik at akkurat då høyrde far min på ein cd med den australske gruppa go-betweens, så mor mi endra namneframlegget til noko anna, som eg har gløymt. men eg skal helsa frå far min og seia at "finding you" med go-betweens er den suverent flottaste songen frå året som gjekk.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Typisk far din å gløyme bandnamnet "The neverminds". Første øvinga blir så snart eg har fått meg trommesett. I mellomtida skal eg montere ein streng og spele litt gitar, berre slik at eg har noko å falle tilbake på i tilfelle tromminga ikkje blir ein suksess.

Anonym sa...

Goddt nyttår til dykk alle tre!
Kanskje ho mor kan kjøpe seg eit slikt eit:
http://www.toysrus.co.uk/Product.aspx/TruHome/TruLearning/TruLearningMusicDance/285749?ref=Search
Eg har m.a. høyrt "Jingle Bells" og ein aller annan Kaptein Sabeltann-song framført på ein liknande apparatur, og eg skal helse å seie at det ikkje var noko småtteri!