27.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 15

(her)
Laurdag 29. juli 1978. Ivalo - Törnå
Eg vakna omkring halv ti. Besto, besten og Torvald var alt vakne. Sidan vakna Arnstein, og så Kristine. Kjartan vakna sist og vann derfor konkurransen. Eg skreiv for fredag. Så gjekk eg ut for å eta. Eg gjekk på do. Då eg var der borte kjøpte eg to Asterixpakker. Sidan kjøpte eg tre kjærlighet på pinne. Så reiste vi. Kristine og Torvald sat bak. Då vi hadde kome ut på hovudvegen, byrja eg å skriva bilsortar. Men akk, eg vart ikkje ferdig med det eg byrja med på sundag no heller. Eg byrja å lesa i Hei, Norge. Eg las i den heilt til vi kom til ein butikk. Der gjekk besten og besto inn for å handla. Då dei kom ut att, reiste vi vidare. Vi fann ein rasteplass. Der åt vi. Etterpå las eg ut Hei, Norge. Sidan teikna eg ei ismaskin. Arnstein teikna ei epledødmaskin. Så sette eg meg til å skriva her. Og det gjorde eg. Sidan spelte vi bingo med siste tal i bilnummer. Eg vann. Arnstein foreslo at vi skulle spela sjøslag, men då vi hadde begynt, vart det berre rot. Vi kom til Rovaniemi. Der stogga vi ved ein leikeplass. Det var hengebru, taustige og mange slags rutsjebanar. Det var også eit lite klatretårn. Ved sida av leikeplassen stod det ein kiosk. Der kjøpte vi ein is til kvar. Vi kjøpte også klistremerke frå Rovaniemi. Litt seinare, då vi skulle reisa, kjøpte eg eit postkort til besten. Då vi reiste, vart det litt trøbbel med å koma på rett veg til Kemi. Men vi klarde det til slutt, og så reiste vi den vegen. Eg laga ei teikning. Den dreiv eg på med lenge. Så laga eg ein finsk versjon av danse mi vise, gråte min sang. Så skreiv eg litt i boka her. Eit par mil frå Kemi såg vi eit skilt som viste ein campingplass. Vi svinga inn, og fekk hytte nr. 5 på den trestjerners campingplassen. Eg og Arnstein og Torvald gjekk bort på kiosken. Arnstein og eg kjøpte kvar sin Asterixbrus med pæresmak. Det var ein annan brussort og med Asterixfigur framom, men eg veit ikkje korleis den smakte. Då vi hadde drukke opp brusen, gjekk vi opp til hytta. Der var besten alt i gang med å rydda ut av bilen. Vi hjelpte han litt. Så reiste vi inn for å eta. Det var speilegg. Eg åt tre stk. Det smakte godt. Etterpå gjekk vi ut for å spela boccia. Eg og Torvald spela medan dei andre vaska bilen. Sidan spela vi badminton. Vi sette ny ferierekord med 41. Tilsaman hadde vi: 41+26+25=92. Så gjekk vi inn. Vi gjekk ned på do og pussa tenna. Så gjekk vi opp att og la oss. Eg skreiv her i boka.
Neste dag - sundag 30. juli 1978

Ingen kommentarer: